Kortare ventetider i Høyangertunnelen


Frå 17.oktober blir det kortare ventetider for dei som ferdast gjennom Høyangertunnelen på Fv 55 mellom Høyanger og Balestrand.

–Då blir det mogleg å passere gjennom tunnelen nesten kvar time, seier prosjektleiar Sveinung Hovland i Statens vegvesen til Ytre Sogn.

Heilt sidan arbeidet med å rehabilitere den 7,5 kilometer lange Høyangertunnelen starta opp i november i fjor har det på det meste vore fire timar mellom kolonnene med følgjebil frå begge sider. Men det blir no vesentleg mindre.

Fleire bussruter

Hovland fortel at bakgrunn for dei endra tidene er at det nærmar seg avslutninga på byggentreprisen i tunnelen.

–Difor blir det endringar i kolonnetidene frå og med 17. oktober til og med 31. oktober, medan dei gjer seg ferdig med asfaltering, vegmerking og likanande, seier han.

Det inneber også at bussrutene som passerer gjennom tunnelen vil gå som normalt igjen. Fleire av dei har gått ut som følgje av det arbeidet som til no har pågått i tunnelen.

– Dei nye tidene er tilpassa rutene deira, slik at tunnelen i realiteten opnar kvar gong dei skal passere, seier han.
Dei nye kolonnetidene gjeld frå måndag klokka 07:00 til laurdag klokka 17:00. Frå Klokka 17:00 laurdag til klokka 07:00 måndag vil det vere fri ferdsel i tunnelen, slik det også har vore til no.

Neste sommar

– Men det kan vere at arbeidet går raskare, slik at dei er ferdige før 31. oktober. I så fall blir også tunnelen opna for fri ferdsel tidlegare, seier Hovland.

Frå 1. november er det nemleg lagt opp til fri ferdsel i tunnelen, fram til elektroarbeidet startar opp i midten av desember.

– Etter den tid vil dei nye kolonnetidene gjelde igjen.

Elektroarbeidet vil pågå fram til sommaren 2017. Ifølgje Hovland skal det leggjast ned trekkjerøyr for straum og kommunikasjon i grøftene i tunnelen. Samstundes vil Sognekraft leggje ny høgspentkabel gjennom tunnelen for å kunne handtere straum frå kraftverk i Lånefjorden.

–Dei nye kolonnetidene vil også gjelde Kvernhaugtunnelen på Fv 55, vest for Høyanger, der vi startar opp arbeid i november-desember, seier Hovland, som også blir prosjektleiar der.

Vart forseinka

Byggentreprisen i Høyangertunnelen skulle etter planen ha vore ferdig i sommar. Men no blir det haust innan det skjer. Ifølgje Hovland har det blant anna med å gjere at føresetnadene endra seg etter at arbeidet først vart lyst ut, ved at fylkespolitikarane i ettertid opna for bygging av naudnett i tunnelen.

– Det gjorde at vi blant anna måtte utvide talet på nisjer i tunnelen frå fire til fem, samt byggje to nye tekniske bygg på utsida – eitt i kvar ende av Høyangertunnelen. I tillegg har det også blitt ein vesentleg del meir vass- og frostsikring i tunnelen enn først rekna med, slik at vi kjem til oktober før arbeidet blir avslutta, seier Hovland.

Dei nye tidene: 01:30 - 03:00 - 04:30 - 05:45 - 06:40 - 07:40 - 08:15 - 09:20 - 10:50 - 12:20 - 13:45 - 14:55 - 16:00 - 16:40 - 17:35 - 18:10 - 19:15 - 20:30 - 22:00 - 23:50.