Fem nye smitta i Balestrand

Dermed er totalt 20 personar koronasmitta i Balestrand siste dagane.


Kommunen har vore i dialog med utbrotsgruppa til Folkehelseinstituttet, og rådet derfrå er å halde skule og barnehage ope. Det blir elles innført besøkskontroll på helsetunet og i bu- og miljøtenesta i Balestrand.

– Kommunen følgjer dei råda vi har fått frå Folkehelseinstituttet. Dei viktigaste tiltaka for å stogge smitten er at folk følgjer dei generelle smittevernråda som er å vaska hender, vere heime dersom dei er sjuke og teste seg, seier smittevernlege Leiv Erik Husabø tysdag kveld.

Han rosar folk i Balestrand.

 - Folk gjer det dei skal i den situasjonen vi no har. Det at vi får melding om nye smitta, betyr at folk testar seg, seier han.

23 totalt
Totalt har 23 personar testa positivt på korona i kommunen dei siste dagane. I tillegg til utbrotet i Balestand, har tre personar i Sogndal testa positivt. For desse tre er det kjend smitteveg utanfor kommunen.

Sjølv om smitten som venta spreier seg blant dei yngste som ikkje er vaksinerte, er det også vaksne som har vorte sjuke. Kommunen oppmodar dei som enno ikkje har vaksinert seg, om å gjere det. 

– Det blir ny testrunde av elevar og tilsette på Sagatun skule torsdag. Vi har forventningar om at det kan koma fleire smitta, seier ordførar Arnstein Menes til Sogn Avis. 

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.