Konsekvens­utgreiing om vindmøller?


Eg har heile mi yrkeskarriere som aluminiums-proletar i Høyanger. I fritida var eg mykje på Høyanger/Sunnfjordfjella både sommar og vinter. Difor føler eg med og Høyanger-samfunnet no. Etter mi yrkeskarriere havna eg i Gjøvik. Begge staden var tidleg ute med å utvikle industri bygd på vasskraft. Norge har opp gjennom åra vore heldige med politikarar som har tatt vare på den fordelen vi har med rikeleg og billig vasskraft. Dette er noko vi no ser er sett kraftig i fare. No ser det ut som «nokon har snakka saman» og funne ut at vindkraft er løysinga på den kraftkrisa dei sjølv har skapt. Det er ulike meiningar om det vert nokon stor kraftkrise, det er vel mest ei kraftPRISkrise. Kraft har Norge vore godt forsynt med, men når vi tilbyr krafta som ei vare på det europeiske markedet vert dette sett i fare. Her må ledande politikarane revurdere si haldning til EØS/Acer og gjere grunnleggande endringar i energipolitikken. 

Utbyggarane i Høyanger/Sunnfjordfjella ønsker no å få kommunestyret med på å konsekvens-utgreie vindkrafta, sjå på arealplanar osv og så vil dei nok lokke med peng til grunneigarar og til dårleg kommuneøkonomi. Det er stor folkeleg motstand og dei fleste grunneigarane seier NEI det har også kommunestyra gjort til tidlegare vindkraftplanar. Det ser ikkje ut til at utbyggarane tek omsyn til det. Dei ønsker no tid til å «bearbeide» grunneigarar, lokalpolitikarar og folk i lokalsamfunna. Alt tyder på at «mektige krefter» som det heiter no jobbar i kulissene for å «omvende» lokalpolitikarane serleg i AP. Det er ikkje tilfeldig at olje/energiministeren kjem på besøk.

Om ein skulle konsekvens-utgreie noko måtte det vere skadeverknadene av energipolitikken som vert førd her til lands. Ulykka starta tidleg på 90 talet då regjeringa med Statsråd og tidlegare Hydrodirektør Reiten (SP) i spisen fekk endra energilova slik at at straum vart ei varer på markedet - (han har faktisk angra i ettertid). No er det spekulantar i markedet i Europa og gassprisen som er viktig for prisnivået, og mykje straum går til eksport då ein tener meir på det. Det er og planar om å bruke landstraum for å elektrifisere og grønn-vaske oljeindustrien i Nordsjøen. Dette er ei varsla katastrofe for industrien på land, og spesielt kraft-foredlande industri når dei må forhandle nye kontraktar. Høyanger og liknande industriplassar vert sett i spagat som ordføraren seier.

No har har jo Hydro bekrefta at vindkraftprosjektet ikkje er avgjerande for å drive vidare i Høyanger. Då syns eg det er uverdig av dei med regjeringa i bakhand å presse på for noko det er stor motstand mot. Dette kan neppe vere så super-demokratisk som dei hevdar. No er mange av naturskaden etter vasskraft utbygging lega då bør ein halde seg for god til å øydelege dei fantastiske naturområda med kjempe-svære vindmøller og ikkje minst inngrepa i naturen for å få dei på plass. Det er vel ikkje akkurat i tråd med at regjeringa sine planar mot inngrep i naturen og for å ta vare på kulturmangfaldet og det internasjonale gjennombrotet for dette. Det skjedde faktisk same dag som vindkraftplanane vart lagt fram. Mykje tyder på at deler av krafta vert solgt og at denne utbygginga er eit pionerprosjekt på korleis dei går fram for å få til vindkraft andre stader, difor er det ekstra viktig at politikarar og andre kjem seg opp frå spagaten og står på standpunktet mot vindkraft.

Ottar Uglum

Les mer om:

vindkraft