(Illustrasjonsfoto)

Konfirmasjonane i ytre Sogn vert utsett til hausten

Etter ei grundig vurdering er dei ulike kyrkjelydane i Sunnfjord og ytre Sogn komne til at konfirmasjonane vert utsett til hausten.


– Biskopane i kyrkja kom med eit råd til den lokale kyrkja om å vurdere utsetting. Den vurderinga er no gjort lokalt i stabane, i dialog med sokneråda og etter innspel frå mange foreldre. Vi er komne til at ei utsetting tener konfirmantane best, opplyser prost Knut Magne Nesse i Sunnfjord  i ei pressemelding.

Han viser til at dei strenge nasjonale retningslinjene som kyrkja og heimane har hatt siste året skapar uvisse om ved kan gjennomføre konfirmasjonsgudstenestene og konfirmasjonsfesten. 

– Det er eit ope spørsmål om familie kan kome reisande frå fjern og nær allereie i mai. Det er grunn til å tru av dette vil vere lettare til hausten. Kyrkja vil då gjere alt dei kan for å få dette til på ein god måte. 

Konfirmantane vil få nærare informasjon om dette frå sine lokale kyrkjekontor. 

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.