Kommunen opnar for aktivitet for dei over 20 år

Høyanger kommune har opna for fritidsaktivitetar for vaksne over 20 år.


Det skjedde frå måndag 8. februar, og er avgjort av beredskapsleiinga i kommunen, i samråd med kommuneoverlegen.

– Det er gjort ei grundig fagleg vurdering, som er i tråd med sentrale helsestyresmakter. Kommuneoverlegen i samråd med beredskapsleiinga, finn ikkje vesentlege grunnar til ikkje å tilrå fritidsaktivitetar for vaksne over 20 år, i høve den noverande lokale smittesituasjonen, opplyser kommunen på heimesida si. 

Utifrå eit smittevernperspektiv meiner dei at det har lite nytteverdi framleis å halde stengt, og det vurderast at det er for stor tiltaksbyrde for lokalsamfunnet ikkje å opne opp for aktivitetar.

Det er im midlertid eit absolutt krav om at smitteverntiltak må overhaldast.

Samstundes oppmodar dei om ikkje å krysse kommunegrenser for å delta i aktivitetar.

– Ved lokalt smitteutbrot vil det igjen kunne stengast på kort varsel.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.