Hyllestad kommune søkjer ny kommunedirektør
Hyllestad kommune står framom mange spennande oppgåver og planar dei neste åra, og vi søkjer no etter kommunedirektør som blir ein heilt sentral person for å løyse og iverksette desse. Vi ser etter ein ny kommunedirektør som legg vekt på utvikling og resultat, som saman med kommunen sine folkevalde, medarbeidarar og tillitsvalde, ønskjer å bidra til at Hyllestad kommune framleis skal vere ein god plass å bu og ha eit fungernade næringsliv.
Som kommunedirektør og kommunen sin øvste leiar må du: * Ha fokus på kommunen si rolle som samfunnsutviklar og tilretteleggar for god og effektig tenesteproduksjon, i samarbeid med politisk leiing
*Sikre at Hyllestad kommune til ei kvar tid har ei organisering og fagleg kompetanse som er tilpassa tenesteytinga
*Sikre god økonomistyring, tilpasse drift og tenesteyting til den økonomiske situasjonen
*Vere ein god støttespelar til medarbeidarane, ha mot til å delegere og evne til å gje medarbeidarane rom for å handle
* Vere ein overordna leiar for utviklingsprosjekt, og auke samhandlinga på tvers i kommunen
*Bidra aktivt til god omdømebygging og gode relasjonar ovanfor innbyggjarar og nabokommunar
* Vidareutvikle og styrke interkommunalt og regionalt samarbeid
*Vere ein pådrivar og tilretteleggar for samfunnsutvikling, samt utvikle og nytte moglegheitene i eit aktivt samspel med eksterne samarbeidspartnarar Kvalifikasjonar
Vi ønskjer ein søkjar som har utdanning på universitets-/høgskulenivå, gjerne med relevant og brei erfaring frå offentleg og/eller privat verksemd
*Du har gode kommunikasjonsevner og evner til samarbeid
*Du er oppteken av relasjonskompetanse
*Du har god kunnskap om kommunal økonomi og økonomiforståing
*Som kommunedirektør bør du ha ei overordna og heilheitleg forståing av offentleg forvaltning og politiske prosessar
*Leiarstil/personlege eigenskapar
* Trygg, synleg, støttande og samlande leiar
*Analytisk, strukturert og med eit strategisk perspektiv
*Engasjert, lyttande, inkluderande og god relasjonsbyggar
* Ha integritet og tåle motstand
*Kunne skape motivasjon og engasjement
*Representere Hyllestad på ein god måte
Vi kan tilby
Ei spennande og krevjande toppleiarstilling, med gode moglegheiter til å utvikle Hyllestadsamfunnet og kommunen sitt tenestetilbod Løn og oppstart i stillinga etter avtale Tilsetting på kommunale vilkår, løn etter avtale og medlemsskap i Kommunal Landspensjonskasse (KLP), 2 % vert trekt av løn kvar månad
Bistand til å skaffe husvære, eventuell barnehageplass og kartlegge ledige stillingar for eventuell partnar
Hyllestad kommune er ein vestlandskommune med i underkant av 1.300 innbyggjarar. Skipsverftet Havyard er største arbeidsplassen i kommunen, saman med offentleg tenesteyting, i tillegg arbeider mange innan industri og sjøbruk. I omstillingsprosjekt jobbar vi med tiltak som skal vere med å gje grunnlag for tilflytting. Vi ser det som viktig å sette fokus på næringslivet og kva moglegheiter vi har i Hyllestad, og jobbe saman mot felles mål. Vi gjer merksam på at namn på søkjarar kan verte offentleggjort, sjølv om du som søkjar har bedt om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf. off.lova § 25. Du vil i så fall verte kontakta på førehand.
Arbeidsstad: Hyllestad Kontaktpersonar:
Ordførar Kjell Eide
tlf: +47 57789505
mob: +47 99271900 Velkomen som søkjar! Søknadsfrist:15.02.23 Søk her