Kommunedirektør

Hyllestad kommune ligg ytterst i Sogn på nordsida av Sognefjorden. Hyllestad kommune ligg plassert om lag midt mellom byane Bergen (ca 2 timar med båt eller bil i sørleg retning) og Førde ( 1,5 time med bil nordover). Kommunen har i underkant av 1.300 innbyggjarar. Hyllestad er ein trygg stad å bu og vokse opp, samfunnet er lite og oversikteleg, vi har gode oppvekstvilkår og eit aktivt organisasjons- og lagsliv. Kommunen er veldig oppteken av å bidra til ei positiv næring- og samfunnsutvikling.
For meir informasjon sjå www.hyllestad.kommune.no I Hyllestad er det rom for fleire, kanskje akkurat deg?

Kommunedirektør
Utfordrande leiarstilling i attraktiv kommune

Hyllestad kommune søkjer ein trygg og tydeleg kommunedirektør med ein tillitvekkjande leiarstil. Vår nye toppleiar må vera god på økonomistyring og endringsleiing, men må samstundes vera ein heilskapstenkjande og god strateg og gjennomførar. Søkjarar må ha relevant høgare utdanning og erfaring frå/god kjennskap til offentleg forvalting.

For nærare informasjon om stillinga, kontakt ordførar Kjell Eide, tlf. 992 71 900, eller våre rådgjevarar hjå Headvisor, Per Jorem tlf. 400 21 560 / Jan Tveit tlf. 975 39 990.

Fullstendig stillingsannonse finn du på www.hyllestad.kommune.no eller www.headvisor.no

Søknad/CV sendast snarast og seinast innan 23. mai 2022 via www.headvisor.no