Kommune og stat må ta ansvar!

YTRINGAR: Straumprisane var tema for Raudt sin interpellasjon på Vestland fylkesting i desember. Interpellasjonen bidrog til at fylkestinget vedtok ei fråsegn til sentrale myndigheiter om endringar i energipolitikken. Fråsegna er ikkje så skarp som Raudt ønskte, men er likevel eit signal som stortingsfleirtalet må forstå. Og: Liknande fråsegner bør no også kome frå kommunane – det vil auke sjansen for nødvendige endringar.

Straumprisane gjorde jula annleis for mange – også dei med brukande lønsinntekter. For dei som frå før var økonomisk vanskelegstilte, blei jula det ei mager jul. For dei som frå før var fattige, blei jula endå verre. Dei høge straumprisane fører til auke i klasseskilja.

Leiaren i Bondelaget, Anders Felde, har teke opp bøndene sine vanskar med å betale dei auka utgiftene til landbruksdrifta.

Også kommunale tenester innafor oppvekst, omsorg og kultur kan bli skadelidande når kommunane må bruke meir pengar på straum. Det vi gjere det vanskelegare å få gjennom krav om auka grunnbemanning og føre til auka arbeidspress på arbeidstakarane.

Direktør i Norsk Industri, Stein Lier Hansen, tek i avisa Klassekampen 22. desember oppgjer med den energipolitikken som har ført oss hit. Han seier rett ut at «energi er en strategisk ressurs som ikke kan overlates til reine markedsmekanismer.»

Raudt meiner dette er så tydeleg som ein kan forvente av ein industri-direktør. Raudt meiner det må takast oppgjer med marknadsmekanismane som vekslande regjeringar, inkludert den noverande, har gjennomført.

I dag betalar vi som innbyggjararar omtrent dei faktiske kostnadane med vatn, avløp og renovasjon. Korfor kan vi ikkje ha same kostnadsprinsipp også når det gjeld straum?

Det kostar i snitt godt 10-20 øre å produsere ein kilowattime. Dei langt høgare straumprisane vi har i dag, er derfor nærmast lovbrot. Paragraf 2 i lova om pristiltak seier «Det er forbudt å ta, kreve eller avtale priser som er urimelige. Heller ikke må det kreves, avtales eller opprettholdes forretningsvilkår som virker urimelig overfor den annen part eller som åpenbart er i strid med allmenne interesser». Korfor blir ikkje lova handheva?

Raudt meiner at staten må avgrense krafteksporten slik også andre land gjer. Det må setjast ein maks-pris på eit nødvendig gode som elektrisk straum, og det må etablerast eit to-pris-system (ein pris for normalforbruk og ein høgare pris for storforbruk)

[annonse]
Kommunane må gjere noko meir enn å la NAV betale auka stønad til sosialhjelpsmottakarar. Kommunane må bli ein del av grunnplansopprøret mot den sentrale energipolitikken som har gjort offentlege kraftselskap til profittmaskineri i staden for reiskapar for samfunnsinteresser. Kravet må vere at staten dekkar hushalda, kommunane og arbeidsplassane sine ekstrakostnadar.

Einar Rysjedal, leiar i Raudt Høyanger

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.