Kommunalsjef samfunn


 

LEDIG STILLING 

Kommunalsjef samfunn 

Nyoppretta stilling som kommunalsjef for samfunn. Vil du stå i spissen for ei berekraftig samfunnsvikling i Høyanger kommune? Vil du vere med på å bygge laget som skal skape ei betre framtid? 

Vi søker ein engasjert leiar med gode kommunikasjonsevner som vil bygge eit godt lokalsamfunn. Vi treng deg som har kapasitet til å bygge og leie eit nyoppretta tenesteområde i vår organisasjon. Til området ligg mange spennande og krevjande utviklingsprosjekt og forventningar om å skape gode og attraktive løysingar for innbyggarane våre. 

Vi er i ein organisasjonsutviklingsprosess der det enno ikkje er klarlagt kor mange tenester som blir lagt til tenesteområdet. Vi samlar tenester knytt til samfunn, plan og forvaltning, drift og vedlikehald i eit nytt tenesteområde. Kultur og folkehelse, NAV, integrering er aktuelle områder å legge inn i det nye tenesteområdet. 

Vil du vite meir?

Ta kontakt med kommunedirektør Ørjan Haram, tlf 454 49 842 eller personalsjef Arnvid Hovland, tlf 992 06 457 

Søknadsfrist: 27.november 2022 

Fullstendig utlysningstekst og elektronisk søknad finn du på 

www.hoyanger.kommune.no