Kommunalsjef oppvekst og kultur


 

Kommunalsjef oppvekst og kultur
Hyllestad kommune har ledig fast 100 % stilling som kommunalsjef for oppvekst og kultur, oppstart etter avtale.

Har du ein indre motivasjon for å leie arbeidet innan oppvekst og kultur? I så fall kan du vere rette personen for oss. Vi søkjer etter ein engasjert kommunalsjef til å vidareutvikle gode tenester og såleis bidra til eit godt og trygt oppvekstmiljø for barn og unge i Hyllestad.

Kommunalsjefen er med i kommunedirektøren si leiargruppe og skal bidra i kommunen sitt overordna strategiske arbeid.  

Arbeidsoppgåver
Som kommunalsjef har du eit overordna:

*fagleg ansvar for opplæring i barnehage, grunnskule, kulturskule og vaksenopplæring.
*ansvar for PPT (Fjaler er vertskommune)
*ansvar for strategisk utviklingsarbeid og endringsprosessar
*ansvar for å delta og legge til rette for samarbeid både i kommunen og i nettverk med andre kommunar
*økonomiansvar for området, samt direkte økonomi- og personalansvar innanfor kultur, idrett og frivillig arbeid
*sakshandsaming til politisk organ innan fagområdet
*ansvar for oppfølging av ungdomsrådet

Kvalifikasjonar
*Relevant utdanning frå høgskule/universitet
*Skulefagleg kompetanse
*Brei leiarerfaring
*God til å bygge relasjonar mellom menneske
*God kjennskap til fagområda og evne til å initiere/gjennomføre utviklingsprosessar
*God kjennskap til Opplæringslova/anna relevant lovverk
*God skriftleg, munnleg og digital kompetanse. Kommunen nyttar nynorsk som målform.

Personlege eigenskapar og verdiar
Vi søkjer deg som er strukturert, likar å finne løysningar og som samarbeider godt med andre. Du bidreg til å skape eit godt arbeidsmiljø ved å motivere og skape trivsel. Verdiar som tillit, respekt, openheit og inkludering, er viktige i utviklinga av Hyllestadsamfunnet- og som vi også ser etter hjå deg i utøvinga av stillinga som kommunalsjef. Verdiar og personlege eigenskapar vil vere viktig i stillinga.

Vi kan tilby
*Moglegheit til å utvikle kommunen vidare i eit godt samspel mellom politikk og administrasjon
*Moglegheit til å vidareutvikle eigen kompetanse 
*Fleksibel arbeidstid       
*Løn og tilsetting etter avtale
*Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP, det vert trekt 2 % av løna til pensjon
*Gode velferdsordningar (gratis treningsabonnement i Hyllestadhallen)
*Bustadtilskot til førstegangsetablerara i kommunen

Vi ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegle folkesetnaden elles. Vi oppmodar alle som er kvalifisert, til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn.

Referansenr: 204228499

Fylke: Vestland

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

Søknadsfrist: 10.06.2023

Arbeidsstad: Hyllestad

Kontaktpersonar:
Elin Garnes Solås, HR-leiar 
tlf: +47 57789504 
mob: +47 90507908

Gjermund Flage, kommunedirektør 
tlf: +47 57789546 
mob: +47 93218780

Heimeside:
http://www.hyllestad.kommune.no

Velkomen som søkjar!

SØK HER: