Kolliderte med hjort

Skrevet av May Britt Eide
12.09.2021 21:33

Like før klokka 21 melder Vest politidistrikt at ein motorsyklist har køyrt på ein hjort i nærleiken av Kleivevatnet, på fv 607 i Hyllestad.

Føraren, ein mann på 18 år, er ifølgje politiet oppegåande, men har smerter i ein arm. 

Hjorten er skadd, og viltnemnda varsla. 

Trafikk passerer som normalt på staden.

Det skal vere noko olje-/bensinlekkasje frå motorsykkelen, melder 110 Vest

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.