Klart for vardebrenning på Høyangerfjellet


Torsdag vert det igjen vardebrenning på Høyangerfjellet, i protest mot planane om vindkraftutbygging i kommunen.


Det heile er del av den nasjonle aksjonen mot vindkraftutbygging, som finn stad klokka 18 torsdag kveld. Høyanger var også med i fjor, og då møtte rundt 35 personar opp, noko initiativtakar Einar Rysjedal var godt nøgd med.



- I år, som i fjor, tenner vi varde ved Grimsosen, der varden vil vere godt synleg også nede frå Høyanger. Plassen er også lett tilgjengelig for dei som vil vere med. Ein kan køyre heilt opp til demninga, og derifrå er det 300-400 meter å gå. seier Rysjedal, som er nestleiar i Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn.



Det vert oppmøte ved Grimsosen klokka 17, og derifrå går ein samla bort til plassen der varden skal vere.


- Her i kommunen er det - om alt gale skjer - fem område som er peika ut av vindkraftselskapa. Dei er i fjella våre på begge sider av fjorden, seier Rysjedal og nemner både Høyanger, Vadheim, Lavikdal og Ikjefjord-Oppedal.


- Så det er mange - og store - område i kommunen som kan blir råka.



Han oppmodar difor folk til å møte opp til vardebrenninga, og på den måten vise desse selskapa at motstanden i området mot planane er stor. 



- Dette er også noko vindkraftselskap får med seg, og dei skal vite at dei ikkje får lett spel. Så vi håpar at mange vert med. Og ta gjerne med litt tørr ved, seier han, men tek atterhald om vëret.



- Er det tørt i området og det blir sterk vind, så vil det ikkje vere forsvarleg å brenne varde. Men det vil vi i så fall informere om, seier Rysjedal.

Den brennande varden var også godt synleg for dei nede i Høyanger tettstad.