Statens vegvesen skal drøfte detaljane i stenginga med dei lokale kommunane, lokalt næringsliv og transportnæringa. På den måten sørger vi for dei beste løysingane for arbeidet og trafikantane i åra som kjem, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide. (Foto: Henrik Jonassen/SD)

Klart for utbetring av Lærdalstunnelen


Lærdalstunnelen må utbetrast for å vere innanfor krava til EUs tunnelsikkerheitsdirektiv. Kostnadsramma er på 2,3 milliardar kroner.

Oppgradering av ventilasjonsanlegget, nytt lysanlegg, naudstasjonar og eit overvakingssystem er blant tiltaka som må gjennomførast. 

- Det er trygt å køyre i norske tunnelar, og det skal det fortsette å vere i lang tid framover. Vi har dei siste åra trappa opp innsatsen for å komme innanfor krava til EUs tunnelsikkerheitsdirektiv. Utbetringane i Lærdalstunnelen er naudsynte og vil betre tryggleiken ved hendingar og ulykker, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Arbeida skal starte i løpet av 2022, og etter planen vere ferdig i 2027. Tunnelen vil bli stengt mellom kl. 22.00-06.00 i denne perioden.

- Vi må gjere desse utbetringane. Samtidig må det ha minst mogleg innverknad på alle dei som nyttar tunnelen. Derfor skal Statens vegvesen drøfte detaljane i stenginga med dei lokale kommunane, lokalt næringsliv og transportnæringa. På den måten sørger vi for dei beste løysingane for arbeidet og trafikantane i åra som kjem, seier Hareide.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.