SKAL ARBEIDE MED KVIT BIL: Frå venstre: Jo Salthammer, Kjetil Myklebust, Håvard Larsen, Tonje Grønfur, Trude Njøsen Helgås og Reidar Kirketeig.

Klart for kvit sjukebil

Frå i dag rullar ein ny type sjukebil på vegane i området til Helse Førde. På den kvite bilen er ordet «SJUKETRANSPORT» malt i store bokstavar på sidene og i fronten.


– Ein kvit bil vil vere ein styrke for beredskapen i området, seier Trude Njøsen Helgås, avdelingssjef for Pasientreiser i ei pressemelding.

Den kvite bilen er den første i sitt slag i Helse Førde. I den skal føretaket transportere pasientar som er for sjuke til å ta drosje, men for friske til å bli sende med ambulanse. Frå sjukehus til eigen bustad, omsorgsbustad eller sjukeheim i pasientens heimkommune. Eller omvendt, frå bustad eller institusjon til sjukehus for undersøkingar eller innlegging.

Som ved ambulanseoppdrag, er det AMK som skal styre oppdraga for den kvite bilen. Utkallinga av kvit bil skjer i prinsippet på same måte som når ambulansar skal ut på oppdrag. Pasientreiser organiserer drifta av bilen. 

– Vår oppgåve er å køyre pasientar som må ligge. Dei skal ikkje trenge medisinsk behandling på turen, men vil ha behov for tilsyn. 

BÅRESENG: Jo Salthammer og Tonje Grønfur skal køyre pasientar som må ligge, men som ikkje treng medisinsk behandling på turen.

Redusere belastninga
Dette er pasientar som tidlegare har blitt transporterte med ambulanse. Når desse no kan ta turen i den kvite bilen, blei det i arbeidet med ny prehospital plan rekna på at det vil redusere belastninga på ambulansetenesta med i gjennomsnitt 1,5 oppdrag kvar vekedag.

– Ved å frigjere ambulansetenester for denne type oppdrag, betrar vi beredskapen. Men det føreset at avdelingane blir flinke til å nytte den kvite bilen når det er råd, seier Njøsen Helgås.

Det skal alltid vere to med når den kvite bilen er på oppdrag. Fem tilsette har fått opplæring, ein sjette startar seinare i vår. Ein av dei seks skal vere fast på bilen, dei andre skal gå i turnus. Bilen skal brukast på dagtid måndag til fredag, og Trude Njøsen Helgås ser føre seg at dei skal bruke bilen over heile Helse Førde-området.

Fleire større føretak har innført slike kvite sjuketransportbilar dei siste åra.

– Fleire av dei har utvida talet på bilar. Vi startar med ein no, så får vi sjå om behovet er der for fleire.

KLAR FOR OPPDRAG: Håvard Larsen skal arbeide fast på den kvite bilen.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.