Kven miner du bør få utmerkinga «Årets høyangring» og «Årets hyllestading» i 2022?

Ytre Sogn skal kåre «Årets høyangring» og «Årets hyllestading»

Vi i Ytre Sogn vil no ta opp tråden frå det som i si tid heitte «Høymagasinet», og kåre «Årets høyangring». Men vi dreg det litt lenger, og vil også kåre «Årets hyllestading», og dette vil vi ha med lesarane våre på.


Vi vil nemleg at du som lesar av Ytre Sogn skal komme med dine forslag til kven som fortener å bli utnemnt til «Årets høyangring» og «Årets hyllestading». 

Kanskje er det nokon i ditt lag eller din organisasjon som har gjort noko ekstra i år? Kanskje meiner du at nokon har utmerka seg i arbeidet sitt?

Er det nokon i Høyanger tettstad som fortener prisen, eller skal vi ut i bygdene og grendene for å finne «Årets høyangring»?

Er det Leirvik eller Hyllestad som har «Årets hyllestading», eller kanskje det er nokon frå dei mange grendalaga?

Vi vil at du skal sende inn din nominasjon til prisen «Årets høyangring» og «Årets hyllestading» til oss i Ytre Sogn, på [email protected]. Fristen er 12. november.

Dei nominerte vil bli presenterte i vårt julemagasin og i avisa. Og fram mot jul kan du som lesar stemme på den du meiner er den rette personen, slik at vi kan dele ut prisen for «Årets høyangring» og «Årets hyllestading» i romjula.