Kartverket: - Ikkje snakk om namneendring


- I denne saka er det ikkje snakk om ei endring, med ei vidareføring av den skrivemåten som har vore brukt for både gardsnamnet på gardsnumra 16 og 108 frå før.

Det opplyser namneansvarleg Erlend Trones i Kartverket til Ytre Sogn.


- Skrivemåten Øystrebø har vore brukt i kart i fleire tiår, og vi landa på å vidareføra den skrivemåten som før. I vedtaket vårt har vi ført opp noko av skrifttradisjonen til namnet, og der går det fram at det ikkje er nokon eintydig skrifttradisjon for skrivemåten Østerbø i desse to gardsnamna, peikar han.
 

Ulikt lovverk


Som Ytre Sogn fortalde sist veke har Kartverket vedteke at namnet skal vere Øystrebø, og Ikkje Østerbø.
Trones viser elles til at slektsnamnet til Geir Helge Østerbø vert nemnt i saka i avisa i førre veke.

- Vi må presisere at det er heilt vanleg i Norge at slektsnamn vert skrivne annleis enn gardsnamna dei er avleidde av. Dette har samanheng med at stadnamn og slektsnamn kjem inn under ulikt lovverk. Stadnamn vert rekna som felles språklege kulturminne, og dei har vern etter lov om stadnamn. 



Ei privatsak


Han seier at skrivemåten av slektsnamn derimot vert rekna som ei privatsak, og er regulert av lov om personnamn. 


- Skrivemåten av slektsnamnet får difor ikkje nokon innverknad på skrivemåten av stadnamnet, og stadnamnet har heller ikkje innverknad på skrivemåten av tilhøyrande slektsnamn, seier Trones og legg til: - Det kan òg nemnast at lov om stadnamn regulerer offentleg bruk av stadnamn. Privatpersonar og bedrifter som ikkje er heileigde av det offentlege, er difor ikkje pålagde å følgje offisiell skrivemåte.