Åge Eitungjerde frå Balholm (nr to f.v.) er ein av fire kandidatar til den gjeve prisen.

Kan vinne gjev matkulturpris

Åge Eitungjerde frå Balholm er ein av fire kandidatar til Ingrid Espelid Hovigs matkulturpris for 2021.


– Han har over mange år arbeidd med å utvikle norsk drikke frå frukt og bær. Han er kanskje mest kjent for sin fruktmost, men produserer også sider og har etablert Ciderhuset i Balestrand. Eitungjerde har vore ein ivrig formidlar av norsk drikkehistorie og tradisjon, og halde utalige kurs for både etablerte og komande fruktdrikkeprodusentar for å løfte kunnskapen hos andre interesserte, heiter det om kvifor han er plukka ut som ein av fire kandidatar til den gjeve prisen. 

Dei tre andre er Lars Marius Garshol, Asbjørn Børsheim og Olav Bleie, og Halvor Heuch. 

– Felles for alle kandidatane som er plukka ut i år er at dei er viktige ambassadørar for norsk drikketradisjon, som er i vinden som aldri før. Ikkje berre har dei auka  statusen til norsk drikke i Norge, men dei har også sett norsk drikke - det vere seg øl, sider eller akevitt - på verdskartet.

Ingrid Espelid Hovigs Matkulturpris er ein ettertrakta pris i det norske matfaglege miljøet. Den vart oppretta som ein hyllest til Ingrid Espelid Hovig på hennar 70-årsdag.



Kven som vinn blir avgjort av både folket og fagjuryen sine røyster, som tel likt. Røystinga, som føregår på www.stiftelsennorskmat.no, vert avslutta 20. oktober. 

Tidlegare vinnarar er blant andre Torill Renaa (restauratør og matformidlar), Gunnar Waagan (Tingvollost og tidlegare styreleiar i Norsk gardsost) og Mikael Forselius (administerande direktør ved Røros Hotel) og Ingulf Galåen (Galåvolden Gård).

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.