Kan bli færre avgangar på Lavik-Oppedal frå søndag

Det kan bli 30 prosent færre avgangar på ferjesambandet Lavik-Oppedal om det vert streik natt til søndag.


Det opplyser Cathrine Gjertsen, kommunikasjonssjef i Norled, til Ytre Sogn, etter at det no er  brot i forhandlingane mellom LO og NHO i årets lønsoppgjer.

Om meklinga ikkje fører fram, kan nærare 23.000 arbeidstakarar bli tekne ut i streik frå natt til søndag. All busstransport, samt viktige ferjesamband langs E39, kan bli råka - blant anna  Lavik-Oppedal.

– Vi håpar å unngå streik. Men om det blir streik, vil det bli ein reduksjon i ferjeavganger på rundt 30 prosent  på sambandet Larvik - Oppedal ved at ei rute vert teke ut, seier ho.

– Det kan takast ut 17 tilsette på sambandet, seier Gjertsen.

Ferja på sambandet vil altså gå, men ikkje like ofte som den elles gjer. 
 

– Vi vil sjølvsagt informere om dette gjennom driftsmeldingar, seier Gjertsen. 

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.