KaffeTelegrafen stenger dørene


Koronapandemien var det som til slutt gjorde at KaffeTelegrafen måtte stengje dørene.

Det fortalde eigarane, søstrene Jannike og Veronica Nessestrand, sjølve på si eiga Facebook-side onsdag.-

- KaffeTelegrafen har vore ein drøm, men i dag er siste dagen vi held ope. Å drive kafe generelt er tøft. Men no i koronatida har det vore helt forferdeleg tøft! Vi klarar ikke meir, rett og slett, skriv dei og utdjupar:

- Økonomien er ikkje der og kundemassen er mindre, noko som er logisk i desse tider når alle blir råda til og halde seg mest mogleg heime.

Dei to opna kafëen i det gamle telegrafbygget i Storgata i Høyanger tilbake i 2016, og planen var at dei frå neste år skulle vere tilnærma gjeldsfrie, fortalde dei til Ytre Sogn tidlegare i år. Men det var altså før pandemien slo inn. Siste tida har dei sett på ulike tiltak for å snu drifta, frå å endre åpningstider til å redusere matutvalet. - I samråd med rekneskapsføraren vår kom vi fram til at vi skal prøve i eit par månader til, sa dei to til Ytre Sogn i oktober.

Men onsdag denne veka kom altså meldinga om at no er det over.

- Vi vil sakne kundane våre, kollegaene våre og alle gode kjekke dagar på jobb. Vi fekk ovr fire år med draumen vår, og det er takka vere dykk, skriv dei på Facebook-sida si.

Dei skriv også at dette er tøft.

- Men vi er stolte over jobben vi har gjort! Vi prøvde og vi klarte det - til koronaen kom.