Juleferie på veganlegget ved Leirvik


Frå i ettermiddag er det fri ferdsel mellom Heggebø og Leirvik til over nyttår.

I samband med bygginga av gang- og sykkelveg har det vore to timars stengingar på denne strekninga sidan slutten av september. Frå torsdag 17. desember klokka 15.00 blir det kun arbeid på deponiet i Staurdalen, og trafikken vil difor gå uhindra til over nyttår.

– Sjølv om arbeidet har vore utfordrande, så held prosjektet planlagt framdrift. På nyåret vil sprengingsarbeidet halde fram i fjellskjæringane, og det blir oppstart i ura som ligg i den delen av prosjektet som ligg nærast Heggebø, seier prosjektleiar Jon Harald Huseklepp, og takkar alle naboar og trafikantar for tolmodet dei har hatt dette året.

Held fram i 2021

Anleggsarbeidet langs vegen startar opp att måndag 4. januar. Stengingane som har vore denne hausten, held fram også etter nyttår. Vegen vert stengd frå kl. 10:00-12:00 og frå 12:45-14:45, frå måndag til og med torsdag