Jubel på Hovland då Viktor gjekk til topps


– Kommentatorane skreik på tv og vi skreik her i stova, fortel Dag Hovland og ler. 
Både han og Bodil jubla då nevø og banebarn Viktor Hovland (23) i helga tok ein ny, stor golftriumf.

Ja, den største til no vil mange seie. Etter den imponerande sigeren i PGA-turneringa Mayakoba Golf Classic i Mexico søndag har han no klatra frå 25. til 15. plass på verdsrankingen, som er det beste av ein norsk golfspelar nokonsinne. Sigeren gav han også vel 11 millionar kroner i premie. 



- Men eg trur ikkje han tek av av den grunn. Til det er han for jordnær av naturen, som er ein god kvalitet å ha i den store idretten som golf jo er, seier Dag Hovland, som er onkelen til Norge si nye store idrettsstjerne, til Ytre Sogn.

- Og det har han frå slekta i Vadheim?



Han og Bodil ler.



- Det får vi dele mellom far- og morsida. Såpass rause må vi vere, er dei to einige om.



Begge fekk sjølvsagt med seg tv-sendinga frå Mexico som vart vist på Eurosport søndag kveld, slik dei alltid gjer når Viktor er i aksjon. 



- Dette er nok største prestasjonen hans til no, meiner Dag og peikar på ar det ikkje er mange frå Europa som har vunne to store turneringer same året, og det i i ein alder av 23 år. 



- Men han hadde ikkje trengt å gjere det så spennande, då. Så kommentatorane skreik på tv og vi skreik her, i stova, seier han og peikar på at i golf er marginene små.



Bodil skyt inn at ho ikkje er så oppteken av om han vinn eller ikkje. 



- Om han gjer det dårleg eine gong, så går det gjerne bra den neste. Det er kjekt å følgje med han uansett, meiner ho.

Frå besøket hos Viktor under turneringa i USA i fjor haust. F.v. Dag (onkel), Galina (mor), Viktor, Mats (fetter), Ingvild (tante), Harald (far) og Astrid (tante). (Foto: Privat)


Les meir i neste Ytre Sogn!