Joachim (30) og Silje (26) førebur seg på ein ny kvardag


Skal vekependle mellom Høyanger og Husnes


- Alternativet hadde vore å søkje jobb ein annan stad, og då måtte vi gjerne ha flytta. Det har verken eg eller Silje lyst til. Så eg bestemte meg raskt for å seie ja då tilbodet kom, seier Joachim Sæternes (30).


Han var blant dei som mista jobben då Nyrstar sin fabrikk i Høyanger vart bestemt nedlagt tidlegare i haust. No førebur han, sambuer Silje Green Høyum (26) og dei tre borna deira seg på ein ny kvardag, der han vekependler til og frå ny jobb ved Hydro sitt aluminiumsverk på Husnes.

Måndag i neste veke er han og ni tidlegare Nyrstar-kollegaer på plass der nede.

- Det er lagt opp til at vi kan reise heim torsdag kveld, for så å reise ned igjen søndag ettermiddag. Slik blir det i seks månader framover, medan dei skal få i gang den andre produksjonslinja si, som har vore nedstengd. Det blir ein del nytt å setje seg inn i. Men vi får opplæring, så det vil nok gå bra, seier Sæternes, som er glad for å ha fått denne moglegheiten.

- Det blir nok utfordrande også, seier Silje Green Høyum som blir att i Høyanger med dei tre borna, medan sambuer Joachim skal vekependle til og frå Husnes. 




- Det var eit lett val å ta då tilbodet kom. Eg må ha jobb, og i Høyanger er jo moglegheitene avgrensa. Då blir vekependling løysinga, i alle fall for ein periode. Alternativet kunne jo fort blitt å søkje jobb annan plass, og då måtte vi gjerne ha flytta herifrå. Det slepp vi no, sjølv som det er kjedeleg at vi ikkje får vere like mykje saman, seier han og ser på sambuaren.



Silje, som er heimeverande med Sanna på snart 1 år, nikkar.



- Ja, vi må ha inntekter også, seier Høyum, som blir verande att i Høyanger, med dei tre borna på 1, 3 og 6 år.



- Det vil nok bli utfordrandre, ikkje minst fordi alle er små. Men vi har heldigvis familie her som vi kan spørre om hjelp om det skulle bli nødvendig, seier ho.


- Og så er det berre for ein periode. I mai neste år er dei ferdige på Husnes, forhåpentligvis til ny jobb her. Og før den tid kjem han jo heim kvar helg.

Les meir i siste Ytre Sogn!