Jenny (3) deltok i sitt tredje karuselløp

Skrevet av
01.06.2019 09:00 - OPPDATERT 01.06.2019 11:00

Saman med familien var snart fire år gamle Jenny Fjæren Lund frå Høyanger klar på startstreken i karuselløp på Kyrkjebø stadion for tredje år på saman.

 

Sjølv om gradestokken ikkje viste mange varmegradene og kald vind bles over idrettsanlegget på Kyrkjebø var det god stemning då årets andre av i alt tre karuselløp for born gjekk av stabelen tysdag kveld.

Løpe fort
Blant heile 77 unge deltakarar som stilte til start denne dagen var snart fire år gamle Jenny Fjæren Lund, som saman med mamma Linn, veslesøster Julie, tante Malin og besta Bjørg hadde teke turen frå Høyanger til Kyrkjebø for å vere med.
-Eg var her sist veke også, og då sprang eg saman med venene mine Oskar og Tuva. Det var Oskar som sprang først i mål for han spring veldig fort. Eg kan og springe veldig fort, så eg skal prøve å kome først i mål i dag, seier ho med eit stort smil.

Les meir om saka i Ytre Sogn tysdag!