Ja, Hydro treng meir kraft, men vindkraft er ikkje løysinga


Halvor Molland, informasjonsdirektør i Norsk Hydro, tek i Ytre Sogn 11.8. til motmæle mot noko av det eg sa til avisa 8.8.. Eg sa der at ein kan ikkje «lage aluminium frå vindkraft der det er vind ein brøkdel av tida». Det er like opplagt som at ein kan ikkje lage aluminium frå vasskraft-stasjonar når desse i spesielle situasjonar er redusert eller utkopla i samband med revisjon og vedlikehald. 

Ein kan lage aluminium frå vindkraft når vinden bles og frå vasskraft når vasskraftstasjonen er i drift. Utanom den tida, må ein hente kraft frå andre kjelder. Vindkraft produserer sjølvsagt avhengig av vinden, og maksimal yting er ved ein viss vindstyrke. Men ved lågare vindstyrke, må det hentast balansekraft. I Noreg er det vasskraft. Vindkraft har ein kapasitetsfaktor på godt under 40 %.  Balansekraft, dvs. vasskraft, er derfor nødvendig for å sikre kontinuerleg kraft.  Det krev ofte utbygging av nettet, noko som forbrukarane må betale delar av. Balansekraft inneber stadig opp- og nedkøyring av vasskrafta og dette er ei belastning for både miljø og materiell.
Vindkrafta kjem også langt dårlegare ut enn vasskrafta, ved at vindkraftverk har ei levetid på berre rundt 25 år medan vasskraftanlegg kan levere kraft i 50-100 år.
Men vasskrafta finst i Sogn og Fjordane og i Noreg og heller ikkje langt unna Hydro Høyanger. Ei kraftlinje på 420 kilovolt går inni dalen. Det er «berre» det at linja derifrå og ned til ein ekstra elektrolysehall med ekstra tonnasje som monnar, må forsterkast. Og kven vil ta dei økonomiske kostnadane; Statnett eller Hydro (1/3 statseigd)?  Dette blir derfor ei politisk sak.

Sentrale myndigheiter må ta affære; skal krafta transporterast forbi oss og eksporterast til utlandet eller skal den «setjast i arbeid» og innebere tryggare arbeidsplassar i Høyanger?

Molland reagerer også på at eg i intervjuet påstod at Hydro vil selje vindkrafta på marknaden for å tene pengar. Ja, eg må gje Molland rett i at eg kan ikkje vite kva som vil skje dersom Hydro, saman med Zephyr og Eviny, i framtida vil øydelegge Snøheia slik vindkraftutbygging har gjort andre stader i landet.

Men er det slik at Hydro og Hydro Energi «historisk» aldri har selt noko av si disponible kraft? Eit ja frå Molland på dette spørsmålet vil overraske.

Hydro framstiller sine vindkraftplanar som eit nødvendig tiltak for å forsyne eigne fabrikkar med kraft. Det er vel og bra, men kor vil selskapet hente effekt/kraft, og kva type, når vinden ikkje bles optimalt? Er der likevel tilgjengeleg vasskraft? Og er det rart at fleire enn eg dreg i tvil Hydro sitt løfte om lokal bruk når Hydro for eksempel ikkje lenger vil binde seg til vilkåret om at krafta frå Fortun i Luster skal brukast i Årdal?

Einar Rysjedal
Raudt