Inviterer til diskofest på Valhall


Siste helga i august inviterer Robinson Navy til Dark & Loud diskofest for ungdom i alderen 16 - 26 år på Valhall i Høyanger.

-Grunna restriksjonar i samband med koronapandemien kan vi ha maks 60 personar inne. Difor har vi valt å arrangere fest både fredag og laurdag, slik at så mange som mogleg får dere med, seier Alex Ek til Ytre Sogn. 


- I tillegg til arbeidet med å rigge utstyr er det også mest økonomisk for oss å leige lokalet to samanhengande dagar, i staden for arrangement to separate helger. Arbeidet for å få dette til er det ungdomane i Robinson Navy-prosjektet og eg som står for, i godt samarbeid med OnCue.



Ek viser til at pandemien har ført til arrangement som dette ikkje har vore mogleg å arrangere på ein god stund, noko som først og fremst er veldig kjedeleg for ungdomane. 



- Med skulestart like rundt hjørnet vil dette og vere ein fin «bli kjent»-fest for elevane i den aldersgruppa, seier han.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!