Ingvar Linde er kåra til Årets kommunaløkonom.


– Det er ein utruleg gjev pris å få, seier Ingvar Linde om å bli kåra til Årets kommunaløkonom i 2020.

Han er til vanleg økonomisjef i Høyanger kommune.

Tysdag ettermiddag greidde rådmann Kjellaug Brekkhus og personalsjef Arnvid Hovland å lure han inn på eit møterom på rådhuset.

– Dei spurde om eg kunne vere med på eit møte etter arbeidstid. Då eg kom inn på møterommet såg eg generalsekretæren i NKK (Norges kemner- og kommuneøkonomers forbund, red.mrk) på storskjermen. Då skjønte eg kva som skjedde, og det var ei veldig hyggjeleg overrasking. Det er ei stor ære, seier Linde.

Han er den første i Høyanger kommune som får den gjeve prisen.

– Vanlegvis blir prisen delt ut på årsmøtet, men grunna covid-19 skjedde det på nettet i år, fortel Linde, som er frå Nessane.

Han jobba tidlegare i Sogn og Fjordane Revisjon IKS, og hadde ansvar for revisjonen i fleire av kommunane i Sogn. Ein av desse kommune var Vik. Linde åtvara då om det som la grunnlaget for den såkalla Terra-saka, noko som i ettertid har gitt han positive omtalar.

Stolte

Rådmann Kjellaug Brekkhus i Høyanger, som overrekte han prisen på vegne av NKK, seier at dei også har grunn til å vere stolte, som har ein slik person i organisasjonen.

- Det er jo eit kvalitetsstempel, både for han og oss. Og prisen er vel fortent, seier ho til Ytre Sogn.

Prisen, som har vore utdelt kvart år sidan 2002, består av kunstverk, diplom og gåvesjekk på 30 000 kroner.

Les meir i neste Ytre Sogn!