Ingrid Helle har ansvar for opplæring av smittevern og korona-testing i kommunen. Cecilie Skogheim
Koronapandemien:

Ingrid har ansvar for koronatestinga

– Arbeidsdagen er snudd på hovudet, seier Ingrid Helle, som er dagleg leir i frivilligsentralen i Høyanger.


Ho er også ansvarleg for opplæring av smittevern og korleis ein skal utføre covid-19 testane i kommunen.     

Slik føregår det
Testen som sjekkar om ein har koronaviruset i kroppen blir gjort ved at det blir henta ut prøvemateriale frå hals og nase. Ein liten prøvetakingspinne blir ført inn og skrapast mot slimhinnene for å få med seg nokon celler der viruset lev. Deretter blir pinnen putta i eit glass med medium som gjer at viruset overleve transporten til laboratoriet.

I sosiale medier har folk sagt at det kan vere smertefullt å teste seg, medan andre ikkje merka så mykje til det. 

Cecilie Skogheim

Helle seier at ho er oppteken av at folk skal føle trygge når dei blir testa. 

– Det er viktig å utføre testen på ein forsiktig og forsvarleg måte. Eg vil at dei som testar seg får ei best mogeleg oppleving. Folk reagerer på ulike måtar. Ein skal ha respekt for dei som testar seg, fordi dei er i ein sårbar situasjon. 

God flyt

Helle fortel at dei har kome inn i gode rutinar, og ho meiner sjølv at dei er godt strukturerte no. 

– Men i byrjinga var det ein del arbeid.  No føler eg at vi er godt inne i det og har ein god flyt, seier ho.  

Ali Kharrat frå Syria er ny, og får opplæring i testing av Helle. 

– Det er ikkje noko problem å teste folk. Eg har fått god opplæring, smiler Kharrat. 

I dag er det han som utfører testinga, medan Helle ser at det går rett føre seg. 

 – Han testar, medan Nina Titlestad har ansvaret for utstyret. Personen som er ansvarleg for utstyret tek kun i det, medan den som testa gjer ikkje noko anna enn akkurat det, forklarar Helle. 

Titlestad sørger også for å bringe koronatestane trygt til Førde kvar dag.
 
– Eg køyrer til Førde kvar dag for å levere prøvane. Eg føler ikkje noko press for det i grunn. Det er ein del av jobben min, seier ho. 

Spesiell prosedyre 

Helle tek på seg smittevern-frakken før ho går ut i teltet. Ho fortel at det viktigaste er når ein skal ta av seg utstyret etter testinga. 

– Det må gjerast på ein spesiell måte, forklarar Helle før ho utdjupar meir. 

– Kort forklart, så kan ein ikkje ta på noko utanfrå. Når ein tek av seg utstyret, så må ein ta underifrå utan å ta på sida som er ute. Alt blir kasta i bosset, bortsett frå brillene. Dei blir desinfisert i steriliserings rommet på legesenteret.

Ein kan teste seg i Høyanger måndag til fredag frå klokka 11 til 12. No har også kommunen opna opp for bestilling av test på nettsidene sine. 

– Det gjer det lettare for dei på legekontoret, seier Helle. 

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.