Ingerid (45) er ny kulturredaktør i NRK


– I jobben som kulturredaktør må ein ha eit anna overblikk og ein har eit meir overordna ansvar for å leie dei viktige prosessane. Så det blir spennande! seier Ingerid Nordstrand til Ytre Sogn.

Med rundt 20 års arbeidserfaring i ulike stillingar i NRK tek Ingerid Nordstrand, som opphaveleg kjem frå Høyanger, steget frå redaksjonssjef i kulturavdelinga til konstituert kulturredaktør, ei stilling der ho er sjef for om lag 170 tilsette og vil ha ansvar for program som blant anna «Salongen» og «Brenner og bøkene».
– Dei siste fire åra har eg jobba som redaksjonssjef for TV i kulturavdelinga, der eg har hatt ansvar for TV-produksjonen. I jobben som konstituert kulturredaktør, som eg kjem til å ha fram til sommaren, vil eg ha ansvar for radio, TV, nett og Kringkastingsorkesteret.

Les meir i Ytre Sogn fredag!