Ingeniør/landmålar


Hyllestad kommune har ledig 100% fast stilling som ingeniør/landmålar.

Vi søker deg som vil, torer og kan nytte kommunen sitt handlingsrom for å skape gode resultat, og bidra til vidare samfunnsutvikling i ein framtidsretta kommune.

Du vil arbeide på avdeling Samfunnsutvikling og teknisk drift saman med 3 medarbeidarar med brei erfaring og høg kompetanse innan forvaltningsområda våre.

Avdelinga har ansvar for byggesak, arealplanar, kart- og oppmåling, eigedomsskatt og kommunale gebyr. I tillegg ligg drift og vedlikehald og reinhaldstenestene under avdelinga.

 Hyllestad kommune nyttar ACOS WebSak (sakshandsamingssystem) , GISLINE (kartprogram) og KOMTEK (kommunale gebyr). Naudsynt opplæring vil bli gjeve.

 Arbeidsoppgåver:

-          Handsame byggesaker etter plan- og bygningslova

-          Handsame søknadar om utsleppsløyve

-          Rettleie søkarar og innbyggarar i møte og på telefon

-          Klagesakshandsaming etter forvaltningslova

-          Ulovlegheitsoppfølging/tilsyn

-          Matrikkelføring av byggesaker

-          Oppmålingsforretningar etter matrikkellova

-          Matrikkelføring av oppmålingsforretningar

-          Eventuelt anna sakshandsaming eller andre utviklingsoppgåver for kommunen

 Krav til kvalifikasjonar:

-          Relevant utdanning, gjerne innan eigedomsfag eller byggfag

-          Relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning

-          God kjennskap til fagområdet og evne til å bidra til høg fagleg kvalitet i offentleg forvaltning

-          God kjennskap til relevant lovverk med vekt på plan- og bygningslova og matrikkellova.

-          God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Kommunen nyttar nynorsk som målform.

-          Førarkort klasse B

 Personlege eigenskapar:

Vi søkjer deg som er strukturert, likar å finne løysningar og som samarbeider godt med andre. Du må vere serviceinnstilt, omgjengeleg og trivast i dialog med folk. Du bør vere effektiv og ha fokus på å halde tidsfristar og levere eit godt fagleg innhald. Du må kunne tileigne deg kunnskap og jobbe sjølvstendig. Personlege eigenskapar vil vere viktig i stillinga.

 Vi tilbyr:

-          Spanande og varierte arbeidsoppgåver

-          Eit ungt, positivt og energisk arbeidsmiljø

-          Eit etablert fagmiljø med høg kompetanse

-          Moglegheit til å påverke eigen arbeidsdag

-          Moglegheit til utvikling av eigen kompetanse

-          Fleksibel arbeidstid

-          Løn og tilsetting etter avtale

-          Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP

-          Gode velferdsordningar (gratis treningsabonnement i Hyllestadhallen)

Vi ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å legge til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månadar. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkarliste. Dersom du har bede om unntak frå offentleg søkarliste vil du alltid bli varsla før søkarliste vert offentleggjort.


Tiltreding: snarast

Arbeidsstad: Hyllestad

Kontaktpersonar:
Gaute Lundeland 
tlf: +47 57789548 
Personalkonsulent Ingvill Ytredal 
tlf: +47 577895508 
mob: +47 99108625

Søknadsfrist: 19.02.23

Velkomen som søkjar!

Søk her