Stephan Øren, 3. kandidat for Raudt ved stortingsvalet Sogn og Fjordane
YTRINGAR:

Ikkje rart det kokar!


«Det «kokar» blant lærarane», kan ein lese i eit avisinlegg forfatta av Utdanningsforbundet sine tillitsvalde på dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane. Eg forstår dei godt når ein les om situasjonen dei står i. Dei er svært frustrerte over kutt i funksjonar og at økonomien har blitt strammare jamnt over i den vidaregåande skulen nord i fylket. 

Utdanningsforbundet gjorde ei undersøking i vinter som viste at over halvparten av lærarane i landet anten har søkt seg vekk, eller vurderer å søke seg vekk frå jobb i skuleverket. Årsakene er auka arbeidsmengd, smittepress og underbetalt meirarbeid under Korona-tida. Når ein i tillegg veit at det er brot i lønnsforhandlingane i kommunesektoren fordi staten ikkje vil tilby ein pakke som gir auka kjøpekraft og styrka rekruttering til yrket, så bør alarmlampene blinke heftig i hus og hytte.

Læraryrket må få ei kraftig statusheving. Dette er høgt utdanna folk, som passar på det kjæraste me har, ungdommane våre. Dei lærer opp den kommande generasjon teoretikarar, elektrikarar, helsearbeidarar, barnehagearbeidarar. Lista kan forlengast. Mange har også fagbakgrunn som kan gjere dei attraktive for andre bedrifter, noko som gjer trusselen om å gi seg i læraryrket veldig reell.

Lærarane kan ikkje betale rekningar med applaus eller klapp på skuldra. Det er det eine, men i tillegg til lønnsoppgjeret, må også dei andre arbeidsforholda ligge til rette slik at lærarane kan vere motiverte for å gjere ein god jobb for våre barn og ungdommar. Dette er dei nasjonale politikarane og fylkespolitikarane sitt ansvar.

Kvaliteten på skulane i Sogn og Fjordane er høg. Grunnskulen sine resultat er så gode i forhold til dei såkalla forventningane at det har blitt forska på det. Den vidaregåande skulen i Sogn og Fjordane har hatt karakterar og gjennomføringsgrad i landstoppen i årevis. Ein stolt tradisjon som me må ønske å vidareføre. Dette har ikkje komme av seg sjølv. Dyktige lærarar med tilstrekkelege ressursar har gitt gode resultat over tid. Då er det synd at ein ser ei forverring av dette etter samanslåinga med Hordaland. I tillegg føler dei tillitsvalde seg uteletne frå prosessar rundt kuttforslaga. Det kan også vere eit uttrykk for at avstandane har blitt større til dei som tek avgjerdene i fylket. Me må lytte når dei tillitsvalde seier så klart i frå som dette. Dei seier i frå som arbeidstakarar med yrkesstoltheit og som tenker på elevane sitt beste når det kjem til kutt som kan gå ut over trivsel, helse og resultat for elevane. 

Raudt vil reversere fylkessamanslåinga om folket i Sogn og Fjordane ønsker det. På den måten kan me lettare ta tilbake kontrollen over skulane våre som det har gått så bra med i alle år. I Raudt sitt nye arbeidsprogram har me vedtatt at det skal vere trygt og føreseieleg for tilsette og skuleøkonomien. Arbeidstidsordningar i skulen må ta omsyn til arbeidet sin eigenart, dei tilsette sitt arbeidsmiljø og elevane sine behov. Raudt vil også jobbe for eit eige distriktsskule-tilskot, for å sikre eit desentralisert skuletilbod. Me vil jobbe for å gi økonomiske rammer til oppretthalding og oppretting av miljøkoordinator-stillingar, i tillegg til ei generell styrking av fylkeskommune-økonomien.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.