Han har underteikna med «Høyangerpatriot», og minnast tida si på Valhall i Høyanger.
Frå lesarane:

I manns minne om Valhall


Mitt første møte med innsida var truleg i 1938. Fly var jo det mest spennande vi gutar visste om. Vi hadde jo lært å brette av skriveark, men så kom ein kompis som hadde vert på Folkets Hus. Der hadde det vert demonstrasjon va vaskemiddelet Blenda, og der fekk han eit fly som kunne sendast avgarde med ein gummistrikk. No hadde eg forsømt meg, men neste dag skulle det same føregå på Valhall. Eg møtte opp og fekk ein loddsedel i inngangen. Flya vart utdelt ved utgangsdøra. Då demoen endeleg var over var det trekning av gevinstar. Det var såper frå Lilleborg. Førstepremien fall på meg så eg gløymde visst flyet.

Høyanger Ungdomslag drifta «Matstova» og vetinna budde på Valhall og var vaktmeister der. Men så kom 1940 og «Matstova» vart okkupert og vertsskapen arbeidslaud – same skjebne fekk Valhall og vart stygt behandla. 

På 40- og 50-talet var det stor aktivitet i mange organisasjonar, så det var full fres både i Valhall og på Folkets Hus. Elevlaget ved Yrkesskulen hadde revy i 1948 og med skotåret som tema. Same året hadde realskulen teaterframsyning med støtte frå Håland. Sjølv var eg engasjert i AUF. Men lokalet Valhall var svært populært blant ungdommen. 

Dansekveldar var AUF sitt tilbod og var finansiering av laget. Men for å leige der måtte det vere meir enn berre dans. Runddans var kun som avslutting på kvelden. Vi i AUF-styret ba difor nokre av våre å gå inn i laget for å påverke styra. Både «Lillemor», «Suen» og «Kvisten» jobba godt i begge laga.

På 1. mai på den tida leigde vi Valhall og overførde talen frå Folkets Hus på telefonlinje. Kjemiske sine juletrefestar var noko som vi såg fram til. Eg var organisert i El. og Kraft, så ein dag kom nokon til meg og seier: «Vi må nå kunne lage kuletrefest for våre små». Ovidia var i Saniteten og dei vart med på laget, og så var det Anders og Torgeir som ordna med Valhall og juletre. Kor mange år desse juletrefestane varde veit eg ikkje.

Men åra går, og eg må stille opp som vakt. No har dei starta ungdomsklubb og må ha vaksne vaktar. Dette veit no Berit meir om. Ein dag eg kom frå jobb var det slik romling på badet. Det var vasking av pengar, det var mynt på den tida, og dei hadde hamna i ein pose som det var sølt brus i. Tellemaskina i banken ville ikkje ha dei «svarte pengane».

Ungdomsgruppa finansierte oppussinga av lillesalen. Så Jakob var formann fiksa kommunen opp kjøkkenet på sjukeheimen. Eg tipsa om at komfyren var brukbar, så den kom inn på kjøkkenet i kjellaren.

Skyttarfest var ein årleg og stor fest. Bjarne B. og eg hadde avtale om at vi skulle passe på kverandre. Det var ikkje kjekt å få telefon på morgonen om at det var problem på Oppedal. Ovidia måtte stille som sjåfør, og ho måtte køyra att og fram for å halde varmen i bilen.

På 70-talet vart Folkets Hus reve for å gjere plass til Samfunnshuset. Då sto Valhall att som eit alternativ for all aktivitet i tillegg til kinoen. Denne tida vart tårnet reparert av byggmeister Fossheim som og sponsa det meste.

- Høyangerpatriot