Hytteeigarar reagerer på manglande nabovarsel


Berre nokre få av hytteeigarane i Breidalen har motteke nabovarsel om utplassering av vindmålar i Høyangerfjellet. Det får blant andre Erik Øren til å reagere.


- Vi er åtte som har hytte i Breidalen, men av dei er det berre tre som har fått nabovarsel. Vi andre har ikkje høyrt noko. No kjenner ikkje eg til krava som er i høve til nabovarsel, men eg finn det merkeleg at ikkje vi også får det, seier Erik Øren til Ytre Sogn og viser til at hytta til ein av dei som har fått det ligg berre 30-40 meter frå hans. 


Nabovarselet er sendt ut av Norconsult som eig Kjeller Vindteknikk, som igjen er leigd inn for å gjere målinger for vindkraftutselskapet Fred Olsen Renewables. 


- I ei så viktig sak tykkjer eg at alle skal få høve til å uttale seg. Det er jo for å gjere forundersøkingar til anlegget dei vil byggje i fjella ved Høyanger. Eit anlegg vi for øvrig er mange i området som ikkje vil ha, seier han.

Nabovarselet gjekk ut i slutten av mars, altså rett før påske, og dei som mottok det hadde to veker til å svare på det.

Øren kontakta sjølv Norconsult på vegne av seg og fleire hyttenaboar med spørsmål om kvifor ikkje alle hadde fått slikt varsel, og fekk då til svar at dei hadde sendt til namna dei hadde fått oppgitt av kommunen. Han meiner uansett at det ikkje skal vere vanskeleg for konsulentselskapet sjølv å finne ut kor mange som eig hytter i Breidalen og dei kringliggjande dalane i Høyangerfjellet.


- Då hadde dei raskt sett at det var langt fleire enn varselet gjekk ut til, seier han.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!