I Hyllestad var arbeidsløysa i juli på 2,8%. Hyllestad er dermed ein av fire kommunar i Vestland med ei arbeidsløyse på over 2%. Høyanger er også på denne lista, med ei arbeidsløyse på 2,1%

Hyllestad og Høyanger på arbeids­løyse­toppen

Berre fire kommunar i fylket hadde ei arbeidsløyse på over 2 prosent i juli. Høyanger og Hyllestad var to av dei.


Det viser tal frå NAV Vestland. Arbeidsløysa i Vestland ligg like under snittet for landet på 1,7 prosent. Arbeidsmarknaden i Vestland er framleis god for dei som søkjer jobb. I juli var 5 463 personar, eller 1,6 prosent av arbeidsstyrken, registrert som heilt ledige.

– Dei som søkjer jobb eller tenkjer på å byte jobb, har gode moglegheiter no. Som regel ser vi ein auke i ledige frå juni til juli, men i år er denne knapt merkbar. Det er uvanleg, og eg er spent på korleis arbeidsmarknaden vil utvikle seg til hausten, seier Anne Berit Fristad, avdelingsdirektør i NAV Vestland.

Nye bransjar
Talet på ledige jobbar ligg framleis høgt, med over 3000 utlyste stillingar i juli. Det er flest ledige stillingar i helse, pleie og omsorg (748) og bygg og anlegg (495).

– I år har vi sett at fleire arbeidsgivarar har teke inn sommarvikarar som ikkje har utdanning eller erfaring frå bransjen. Mange unge har fått høve til å utforske eit yrke dei kanskje vil satse på i framtida. Eg vil oppmode arbeidsgivarane til å halde på dei gode kandidatane og lære dei opp vidare, seier Fristad.

Ho legg til at NAV har ei rekkje ordningar for dei som treng ekstra støtte eller tilrettelegging for å kome i arbeid eller halde fram i jobben sin trass i helseplager.