I helga blir det Grand Prix i Hyllestad, og det er mange lokale spelarar som kan gjere det godt i turneringa.

Hyllestad IL Biljard klar for den siste turneringa for sesongen


I helga blir den siste biljardturneringa for sesongen i Hyllestad arrangert. Det er påmeldt 21 spelarar, og halvparten kjem frå andre biljardklubbar.

Fleire av Norge sine beste biljardspelarar kjem til turneringa Grand Prix som vert arrangert to gangar i året i regi av Norges Biljardforbund, og Hyllestad er no tildelt oppgåva med å arrangere den andre og siste for sesongen. Disiplinen er denne gangen 10-ball, og distansen vil bli sett når klubben veit nøyaktig kor mange spelarar som møter.

Frå Hyllestad stiller mellom anna Benjamin Herland Aralden som tok gullmedalje i NM tidlegare i år. Styreleiar Jan Erik Hatlem i biljardgruppa er spent på korleis det unge talentet vil gjere det på heimebane.

– Det skal bli spanande å sjå korleis Benjamin klarar seg mot nokre av Norge sine beste spelarar. Men vi har fleire gode spelarar frå Hyllestad som på ein god dag vil kunne nå heilt til topps, seier Hatlem.

– Her er alle hjarteleg velkomne til å kome innom og sjå på turneringa. Det er gratis inngang, og det vert mogleg å kjøpe seg noko mat og drikke frå kiosken. Kiosken tek berre kortbetaling, så det er greit å vere obs på det, fortel Hatlem.

Det blir spel både laurdag og søndag, og søndag startar alvoret og kvartfinalane klokka 09.30. Hatlem reknar med at finalen vil starte rundt klokka 13 på søndag.