Hyllestad førebur seg på omstilling


- Vi ønskjer å unngå arbeidsløyse og utflytting på grunn av nedbemanninga på Havyard, seier Hyllestad-ordførar Kjell Eide.

Kommunen tek no grep for å minimere dei negative konsekvensane og gripe nye moglegheiter. Som Havyard informert om tidlegare i haust, står verftet deira i Leirvik framfor store endringar neste år, med omlegging av drift og nedbemanning. For lokalsamfunnet vil dette få store konsekvensar, og Hyllestad kommune har difor teke initiativ til eit prosjekt med to hovudmålsetnader.



Eiga gruppe


- Vi ønskjer å unngå arbeidsløyse og utflytting på grunn av nedbemanninga på Havyard. Men vi nyttar samstundes høve til å finne nye vekstområde for næringslivet i kommunen og nabokommunane, med bruk av mellom anna den framifrå kompetansen som finns blant dei som no kan bli oppsagt, seier ordførar Kjell Eide.

Med i prosjektgruppa er også leiinga i Havyard, tilsette i Havyard, det lokale akvakulturselskapet Akvahub, Gulen og Masfjorden Næringshage og næringsutviklingsselskapet Aksello.


Dei tilsette sin representant på Havyard, Jan Olav Gjerde, håpar at oppseiingane vert så få som mogleg.

- Men når det først skal skje, så set vi stor pris på at så mange sterke aktørar går saman om eit slikt prosjekt for å gjere endringane så positive som mogleg for dei det gjeld, seier han.



Skal kartleggje


Prosjektet vil ha samtalar med dei tilsette for å kartleggje om nokon ønskjer å ta vidareutdanning, om nokon kan tenke seg å bli gründer og starte for seg sjølv med ei ny bedrift, om nokon ønskjer - og kan - gå av med pensjon, eller om dei først og fremst ønskjer anna arbeida i ei anna lokal bedrift.


- Vi vil ta kontakt med verksemder frå Gulen i sør til Sunnfjord og Kinn i nord for å høyre om deira behov for kompetanse og arbeidskraft, seier prosjektleiar Arne Olsen i Aksello.

– Med på laget har vi NAV, Folkeuniversitetet, Høyanger Næringsutvikling, Fjaler Næringsutvikling, Innovasjon Norge, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Vestland fylkeskommune og andre som kan og vil bidra for å nå målsettingane i prosjektet, avsluttar han.