(Illustrasjonsfoto: Hydro)

Hydro oppgraderer for 60 millionar i Årdal

Hydro har beslutta å investere rundt 60 millioner kroner til oppgradering av elektrolysecellene på aluminiumverket i Årdal.

Prosjektet vil betre arbeidsmiljøet, gi lågare energiforbruk og bidra til øauka lønsemd ved fabrikken, går det fram av ei pressemelding frå Hydro.  

Arbeidet vil starte våren 2022. 

I tillegg vil investeringa også leggje til rette for at Hydro Årdal kan ta i bruk neste generasjons cellestyring, ei vidareutvikling av teknologien som er brukt på Hydro sin teknologipilot på Karmøy. Utskifting av cellestyringa er venat å starte i slutten av 2022. Energiinnsparinga frå prosjektet vil ligge på rundt 860 MWh.  

– Aluminiumverket i Årdal utgjer ein sentral del av Hydro sitt norske produksjonssystem. Dei leverer lågkarbon-aluminium som går til kundar i Europa som stiller høge krav til kvalitet, seier Ola Sæter, leiar for primærproduksjon i Hydro. 

– . I tillegg er Hydro Årdal ein hovedleverandør av anodar til dei andre norske aluminiumverka. For oss kjem sikkerheit og arbeidsmiljø alltid først, og i tillegg vil denne investeringa nyttast til å modernisere drifta for framtida, seier han.

Wenche Eldegard, fabrikksjef ved Hydro Årdal er glad for investeringa. 

– Denne typen prosjekt er viktige for å posisjonere Årdal metallverk for ei framtid der produksjon av lågkarbon-aluminium blir stadig viktigare, seier ho.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.