I lokalavisa Ytre Sogn 01.11.24 har Hydro lesarinnlegg der Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn (MSYS) blir skulda for feilinformasjon. Hydro skreiv: «Mellom anna er prosjektområdet og talet på vindmøller beskrive som nær det dobbelt av det vi har søkt om.»
Her bommar Hydro. Dei er tydelegvis berre oppteken av Hydro/Eviny/Zephyr (HEZ) sitt vindkraftprosjekt. Brosjyren vår handla sjølvsagt ikkje berre om HEZ sitt planområde (Snøheia industrikraft), men om planane om vindkraftutbygging på Snøheia og i Høyangerfjella. Som dei fleste har fått med seg, er det to vindkraftprosjekt i fjella våre. Fred. Olsen Renewables (FOR) vil ta Høyangerfjella til sin økonomiske fordel på kostnad av naturmangfald og friluftsliv. Vi blir skulda for usanning, men i planinitiativa kan vi lett lese oss til at HEZ sitt prosjekt skal ta i bruk «berre» 28 km2 natur- og friluftsområde. Med «berre» rundt 50 vindturbinar med støy i nærnaturen til mange innbyggjarar i kommunane og på trass av grunneigarar sine ønske om å ikkje ha vindkraft på sin grunn. FOR har, i følgje sitt planinitiativ, eit førebels planområde på 51 km2, der dei reknar med å kunne «etablere» 80 turbinar. Summen av HEZ og FOR blir difor 130 vindturbinar, men vi skreiv opptil 100. Summen av areala er vurdert til 63 km2, men vi kom i skade for å skrive berre 47 km2. Sanninga som står i planinitiativa kan ikkje Hydro vri seg unna. Hydro held deretter fram i lesarinnlegget sitt med forteljinga si om at Snøheia industrikraft skal bidra til å sikre arbeidsplassar, i Hydro generelt og arbeidsplassane ved Hydro Høyanger spesielt. Reklamen for vindkraft har rett nok blitt annleis enn då Hydro Energi-sjefen Arvid Moss stod i Høyanger kommunestyre i februar 2023 og sa dette: ««så inngår vi altså en langsiktig avtale fra det vindkraftverket til verket her og sier at her garanterer vi en pris flat i 20 år, whatever, til en fast pris». Denne uttalen frå Moss har blitt flittig drøfta. Vi trur ikkje så feil og ille om energisjefen at han ikkje visste betre – men heller at det var bevisst sagt for å få folk til å tru at vindkrafta frå Snøheia skulle gå til Hydro Høyanger. Nettopp med mål om å skape nok velvilje til å ofre naturen og anna som stod i vegen for vindkrafta. No er forteljinga frå Hydro endra. I planinitiativet står det svart på kvitt at det skal byggjast ei ny kraftlinje som fører vindkrafta inn på sentralnettet via transformatorstasjonen på Ekrene øvst i dalen i Høyanger. Det står ingenting om ei vidare linje derifrå og til verket i Høyanger. Mange dreg ein parallell til vindkraft-utbygginga på Lutelandet. Der var forventninga lokalt at det skulle skapast arbeidsplassar og vekst. Så langt har kraftproduksjonen på Lutelandet vore til dels lågare enn forventa. Dessutan: I 2022 var «resultatet før skatt negativt med 12,0 mill. kroner» (Firda,14.03.2023) og i 2023 var same resultat nærare minus 26 millionar (Proff.no).Leiar Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn Einar Rysjedal
Nestleiar Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn