Høyanger Senterparti sin appell til 1. mai


Senterpartiet vart som kjend ikkje invitert til å halde ein appell på det politiske arrangementet arrangert av LO Ytre Sogn under 1. mai markeringa i Høyanger. Dette er appellen eg ville halde, om eg hadde fått lov.

1. mai, arbeidaranes internasjonale kampdag. Ein dag som står for solidaritet, likeverd og likestilling. 1. mai har stått sterkt i Høyanger heilt sidan den første aluminiumen vart produsert i 1918, og er for mange større enn sjølvaste nasjonaldagen. Sterke fagforeiningar har kjempa for rettane vi idag tek som ei sjølvfølge: lovpålagt ferie, overtidsbetaling, fødselspermisjon.. lista er lang, og kvar einaste sak har vore ein viktig kamp. Fagforeiningane har og vore i førarsetet for likestilling mellom kjønna i arbeidslivet. 

1. mai har for mange vore Arbeidarpartiet og venstresida sin dag. Ihuga Senterpartistar har ikkje alltid hatt like mykje fint og sei om dagen i dag. Men tidene forandre seg, heldigvis. I dag består store dela av medlemsmassen i Senterpartiet av fagorganiserte vanlege folk, folk som går på jobb kvar dag og takka fagforeiningane for kva dei har oppnådd. Dette har vi i Senterpartiet innsett for lenge sidan, no må fagorganisasjonane innsjå det same og ikkje ekskludere Senterpartiet frå å markere dagen. Senterpartiet er i dag like mykje eit parti for den vanlege arbeidar som for bøndene. Eg er sjølv LO medlem, fabrikkarbeidar og busett i byggjefelt, men også stolt veljar og lokallagsleiar i Senterpartiet. 

“Begrens krafteksport og nettleige, bruk krafta her” er årets hovudparole. Senterpartiet har i alle år vore motstandar av utanlandskablar og auka krafteksport, og har gong etter gong stemd imot forslaga i stortinget. Og det til lita nytte, då høgresida og Arbeiderpartiet har sikra fleirtal for både nye kraftkablar og Acer-avtalen. Senterpartiet er difor ein garantist mot krafteksport og mot import av høge kraftprisar. 

Til slutt vil eg be om at 1. mai framleis skal få vere arbeidaranes dag. Lat fagforeiningane arbeide for alle arbeidstakarane i alle yrkesgrupper. Det er framleis kampar som kjempast, og fleire vert det i framtida. Ei sterk arbeidarrørsle er avgjerande for heile landet vårt, og desse må vi høyre på! So til alle arbeidsfolk, uansett partitilhørlighet, Gratulere med dagen!

Jonas Haugsbø
Lokallagsleiar Høyanger Sp