Høyanger-ordføraren ikkje uroa for søksmål frå Wizz Air


Høyanger-ordførar Petter Sortland (Ap) er ikkje uroa for at også kommunen hans kan hamne på lista over dei flyselskapet Wizz Air no vil saksøkje.

- Dei må berre setje i gong om dei vil det. Vi står for det vi har sagt, slår han fast overfor Ytre Sogn.



Nyleg varsla det ungarske lågprisselskapet Wizz Air søksmål mot norske kommunar og fylke etter at dei har vedteke å boikotte selskapet på grunn av motstanden deira til fagforeiningar. Dei reagerer på atfolkevalde lokale og regionale organ har vedteke boikott utan å vurdere lovlegheita av boikotten, og utan noko saksførebuing.

Vil oppmode

På det siste kommunestyremøtet i Høyanger fremja Einar Rysjedal (R) ein interpellasjon, der han meinte at norske styresmakter bør stanse Wizz Air så lenge det ikkje respekterer norske løns- og arbeidsvilkår. Samstundes ville han vite om ordføraren delte synet, og om han ville oppmode andre om å boikotte flyselskapet.



- Med sitt syn på fagforeiningar og tariffavtalar utfordrar Wizz Air den norske arbeidslivsmoddelen, og set den under press, sa Sortland og la til at han sjølv aldri kom til å bruke dei.



Samstundes kom han med ei sterk og klar oppmoding til eigen kommune, bedrifter i kommunen, alle innbyggjarane våre og organisasjonar om ikkje å nytte Wizz Air til reiser, verken privat eller i jobbsamanheng.

Fryktar ikkje



Til Ytre Sogn seier ordføraren at ikkje fryktar at også kommunen hans kan hamne på lista over dei Wizz Air vil saksøke.



-Nei, eg søv framleis godt om natta. Vi er budde på å ta den fighten om den kjem, med så klare brot på løns- og arbeidsvilkår som dei går inn på, seier han.

Les meir i neste Ytre Sogn!