Flaumvarsel:

Høyanger oppgradert til raudt nivå: –⁠ Hald deg unna vassdrag


Vannførina i Vestland fylke er framleis aukande, seier NVE. Det er venta mykje nedbør fram til i natt, og fredag oppgraderte dei til raudt farenivå for flaum i mellom og indre Sogn.

– Vannføringa har auka mykje i mange vassdrag, og vi ventar at det vil fortsette å stige mykje med all nedbøren som er venta dei neste 24 timane. Følg situasjonen tett, hald deg unna vassdrag og vær særleg varsom om du ferdast ute, seier vakthavende hydrolog i NVE Elise Trondsen på NVE sine nettsider.

Jordskredfaren i det same området er på oransje nivå.