Høyanger legg om korona­testinga

Høyanger kommune legg om koronatestinga til primært å bli utført ved sjølvtesting.

Det opplyser kommunen på heimesida si.

– Det vert levert ut to testar med enkel rettleiing og instruksjon. Hurtigtestar skal berre leverast ut til personar som har behov for test grunna nyoppståtte symptom.

Testane vert levert ut på legekontoret.

– PCR-testing vert framleis nytta når det er naudsynt; til å verifisere positive hurtigtestar eller ved krav om PCR før utlandsreise.

Dersom ein er så sjuk at ein har behov for å komme til lege, kan vedkommande kontaktast i opningstida.

– Utanom vanleg opningstid skal ein ringe 116 117




Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.