Høyanger kommune innfører smitterestriksjonar


Onsdag var det krisemøte i leiinga i Høyanger kommune, der staben valde å jobbe etter "føre var"-prinsippet ved å iverksetje ulike tiltak i høve koronaviruset. Eit av dei er å stengje Bjordal skule og barnehage i ei veke.

-Vi er ein liten kommune og veldig sårbar i ein slik situasjon. Difor er det veldig viktig at alle følgjer dei restriksjonar som er gitt for å vere på den sikre sida. Kommunelegen og hennar team har gjort ein god jobb med smitteplanen som vi skal bruke og skalere ned til vårt nivå. I tillegg vil heimesida til kommunen heile tida bli oppdatert, samt at det vil bli sendt ut ein SMS i løpet av dagen med informasjon til alle innbyggjarane i kommunen, seier rådmann Kjellaug Brekkhus til Ytre Sogn.

- Vi vil også gjere ein del tiltak på dette med samlingar og arrangement, der ein med fleire enn 30 personar til stades må få løyve frå kommunen. Samlingsstader som blant anna kino og symjehall vil vi halde stengt i to veker for å vere på den sikre sida, seier ho.

Kommunelege Kristine Bronx Longfellow fortel til Ytre Sogn at årsaka til at dei vel å stengje skulen og barnhagen i Bjordal er at ein person frå Tyskland som har vore på besøk i barnehagen vart sett i karantene etter ho kom tilbake til heimlandet sitt.

-Denne personen har vore i eit smitteområdet, men så vidt vi veit har ho ikkje utvikla symptom. Her i Høyanger har vi nokre få personar i karantene, men fførebels har ingen testa positivt på viruset, seier ho.

Les meir i neste Ytre Sogn!