Høyanger-jenter fekk synge med Chris Medina


– Det var kjempegøy å synge med Chris Medina, fortel Vilma Auganes Gøthe, Helene Longfellow, Alva Marie Andersen Meek, Mari Ness og Lea Ytredal Akse til Ytre Sogn.

I ei stemningsfullt lyssett Høyanger kyrkje var det søndag kveld duka for julekonsert med den kjende amerikanske songaren Chris Medina og Høyanger prosjektkor, ein konsert som koret med både erfarne og nye, unge songarar hadde brukt mange øvingstimar på å førebu seg til. Fire av dei yngste kormedlemmene var Vilma Auganes Gøthe, Helene Longfellow, Alva Marie Andersen Meek, Mari Ness og Lea Ytredal Akse. Til Ytre Sogn fortel dei at korsong ikkje er noko dei har erfaring med, og for Mari og Lea er det aller første gang dei er med på noko slikt.
– Det var veldig gøy å vere med på denne konserten. Det var så kjekt å vere med og syngje at dette er noko vi kunne tenkt oss å vere med på fleire gangar. For sjølv om det har vore mykje øving, og det var litt vanskeleg i starten, har det vore kjempekjekt å vere med, seier dei.
Dei fortel vidare at konserten verkeleg fekk dei i julestemning, og at det no berre er snøen som manglar før jula set inn.
Stemningsfullt
Og det var nok fleire enn dei unge kormedlemmene og underteikna som kjende julestemninga kome sigande då kyrkjerommet vart fylt med fantastisk og stemningsfull julemusikk, framført av Chris Medina, Eirik Næss og pianist Lars Støvland og kor. Som perler på ei snor kom flotte versjonar av kjende julesongar som «Silent night», «White Christmas», «O Holy night», samt Medina sin eige julesong som han har kalla «Something kind of wonderful», i ei fullsett Høyanger kyrkje. I tillegg til anna originalt materiale framførte han også «What are words», songen han framførte på American Idol som gjorde han verdskjend i 2011, til stor glede og rungande applaus frå publikum. Publikum var også med og bidrog med allsong på refrenget til julesongen «Wonderful Christmastime».

 

Les meir om konserten i siste utgåve av Ytre Sogn!