Karl Johan Hallaråker håpar at bedehuset i Høyanger vil bli teken vare på.

Høyanger bedehus Eit kulturhistorisk symbol

Høyanger bedehus blei reist i 1928. Det tente også bygdesamfunnet som kyrkje heilt til kyrkja i Høyanger blei vigsla 1960. Idag står huset mest til nedfalls og treng stor opprustning.

Sjølv kjenner eg til huset frå fleire innfallsvinklar. Som generalsekretær i Indremisjonsforbundet, ImF (tidlegare Det vestlandske Indremisjonsforbund, DVI) var eg kjend med huset. Men lenge før den tida høyrde eg om huset og kva det betydde for mange frå min eigen svigerfamilie. Kona mi hadde to tanter med familiar i Høyanger. Deira positive omtale og gleda av kva bedehuset betydde, gjorde inntrykk. Her fekk dei sin åndelege heim, og borna gjennom søndagsskulen ei stor og verdifull ballast!  

Eg var også kjend med Einar Førde. Eg hugsar at han omtala faktisk bedehuset med stor respekt når vi møttest. Skulle gjerne ha snakka med han idag om kva som kunne gjerast for å ta vare på denne kulturskatten.

Eg har nå lest Jørg Kvam si bok, HØYANGER - makter og menneske, 2015.
Det gjorde sterkt inntrykk på meg å lesa boka og særleg det første kapitlet Den lange vegen til kyrkje. Eg får stor respekt for alle dei som var opptekne av den kristne kulturarven og som såg trongen for gudshus i Høyanger. Samtidig må eg seia at det er underleg å registrera korleis mykje av venstresida den gongen mangla toleranse og respekt for det same. 

Eg forstår at bedehuset i Høyanger nå står i eit kritisk vegkryss. Skulle eg setja ord på mine tankar, måtte det bli slik:

• Eg skulle ønskja at lokalsamfunnet ville ta vare på denne kulturskatten som eit kristent gudshus. Det har også å gjera med respekt for ein historisk arv som kunne gje viktige signal om respekt og toleranse inn i vår tid. Det er vel kulturhistorisk interesse i Høyanger?
• Eg skulle ønskja at dei kommunale styresmaktene ville vera opptekne av å skaffa økonomiske midlar til å opprusta huset. Ein slik kulturskatt i ei bygd der «andre krefter» har vore mykje dominerande, kunne nettopp opprustning av dette huset gje signal om at vår tid har verkeleg respekt for ekte toleranse. Kanskje det finst investorar som også ville tilgodesjå eit slikt hus med ein slik historisk arv? 

• Eg skulle ønskja at kyrkjelege styresmakter framleis ville engasjera seg til å finna løysingar der ein kan ta vare på huset med respekt for huset sin arv i bygda.

• Eg skulle også ønskja at misjonsorganisasjonar i Sogn kunne samtala om korleis ein kunne bruka huset som misjonsstasjon i Høyanger. Misjon - indre som ytre - er jo også å nå ut der det ikkje er verksemd av lokale p.t. «Dei unådde» er jo ikkje berre under andre himmelstrøk!

Min bedehusvisjon har alltid vore at bedehuset skal vera der folk har sin møtestad. Der dei i tidlegare tider hadde skule, post og butikk i grendene (skulekrinsen), var det strategisk også å reisa bedehus i den lokale krinsen. Idag er bygdemønsteret  endra for det meste. Då er det naturleg at bedehusland også reiser nye større hus der folk i vår tid har naturleg samlingsplass. Dei små gamle husa i den gamle skulekrinsen har tent si oppgåve. 

I Høyanger ligg bedehuset like sentralt som før. Høyanger si historie og behov idag tilseier at å ta vare på dette huset - som kristent gudshus - nettopp har dei signal eg har nemnt. Det må vera mitt store ønske at bedehuset i Høyanger blir teken vare på slik at det for komande generasjonar kan vera det kristne kultursymbolet i tida som kjem! Då har toleransen nådd Høyanger.