Dokumentar om folketalsutvikling

«Høyanger 4000+»

I 2021 gjekk folketalet i Høyanger kommune for første gong i historia, etter fleire år med nedgong, under 4000 innbyggjarar. Denne trenden er det mange som ønskjer å snu, og i dokumentaren «Høyanger 4000+» kan du få møte nokre av dei som kvar dag på ulikt vis gjer ein innsats for å skape liv og aktivitet i sine lokalsamfunn. Kva skal til for å få innbyggartalet i Høyanger over 4000, igjen?