HMS- og kvalitetsleiar

SIMAS IKS er eit renovasjonsselskap i Sogn. Med stort fokus på klima og miljø spelar selskapet ei viktig rolle i samfunnsutviklinga.

Me jobbar kontinuerleg med å utnytte verdiane i avfallet betre. SIMAS ynskjer å bidra til minst mogleg utslepp av klimagassar og miljøgifter - på ein kostnadseffektiv måte.

Om stillinga
Me ser etter deg som kan leia og koordinere HMS- og kvalitetsaktivitetane i eit framtidsretta renovasjonsselskap.

Som person har du eit bevisst forhold til utvikling av god bedriftskultur og fokus på å skape forankring i organisasjonen.

Me ynskjer ein HMS- og kvalitetsleiar som er oppteken av kontinuerleg forbetringsarbeid. Du vil jobbe tett med heile organisasjonen i arbeidet med forsvarleg handtering av avfall til gjenvinning.

Hovudoppgåver for stillinga

Vere ein del av leiargruppa
Leia og koordinere HMS- og kvalitetsaktivitetane i SIMAS
Arbeide med kontinuerleg forbetringsarbeid
Systematisk arbeid med ytre miljø og forsvarleg handsaming av avfal til attvinning og sluttdisponering
Organisere, dimensjonere og drifte industrivernet i SIMAS
Oppfylging av myndigheitskrav innan arbeidsmiljø, ytre miljø og sikkerheit
Vere ressursperson innan miljø og sirkulær økonomi

Ynskja kvalifikasjonar

Høgare utdanning innan naturvitskap
Erfaring med HMS og kvalitetsarbeid - gjerne innan avfallsbransjen
Innsikt i ISO 9001, ISO 14001 standardane
Kjennskap til Landax er ein fordel

[annonse]
Me tilbyr

Ei sentral rolle i utviklinga av viktige tenester for samfunnet og innbyggjarar
Arbeid med spanande fagområde innan miljø- og ressursforvaltning
Konkurransedyktig løn
Eit godt arbeidsmiljø med fokus på verdiar og samhandling
Arbeidsstad i naturskjønne omgjevnadar, med kort avstand til flotte turar, både sommar og vinter. Sogn er kjent for gode skular og eit rikt utdanningstilbod. Her vil du og oppleve ein køfri kvardag.

Spørsmål om stillinga

Spørsmål om stillinga kan rettast til Dagny Ugulsvik Alvik på telefon 913 90 943.

Søknadsfrist: 1. februar 2022

www.simas.no