Hjetland barnehage laga aktivitetspakkar


Torsdag kunne borna i Hjetland barnehage i Høyanger hente kvar sin aktivitetspakke til påske. - Vi håpar dette kan legge til rette for fine stunder saman med familien, seier pedagogisk leiar Marianne Sæbøe Tveit.

-Vi såg at mange barnehagar rundt om i kommunen, men også i andre delar av landet, hadde delt ut slike pakkar. Dermed vart også ideèn teke opp her, forklarar Marianne SæbøeTveit til Ytre Sogn. 


Påska er ei høgtid der barnehagen normalt lagar ulik pynt og aktivitetar.


- Vi er vande med å lage ting saman, men må tenkje annleis i desse korona-tider. Vi håpar difor at pakkane kan vere med på å underhalde ungane, og at dei får nokre hyggelege påskeaktivitetar dei kan gjere saman med familien sin, seier ho.

Det er blitt laga over 40 pakkar til ungane frå 2 til 6 år. Innhaldet er noko ulikt på avdelingane, men består i stor grad av enkle påskeaktivitetar, med blant anna klypping og liming av kyllingar og påskeegg. 


- I pakken ligg alt dei treng av materiale og forklaring. Her har vi sjølvsagt teke alle forholdsreglar i samsvar med smittevernsråda, fortel Sæbøe Tveit. 


Les meir i neste utgåve av Ytre Sogn!

Med breie smil kunne Adelen (5) og Johannes (3) ta med seg kvar sin aktivitetspakke heim torsdag.

Også i barnehagen har dei laga regnbogar som dei har hengt opp, som eit symbol på at alt blir bra igjen.