Hjerneslag på agendaen i Høyanger

LHL set fokus på folkesjukdomen hjerneslag, som kvart år råkar 12 000 nordmenn.


12. oktober kjem Tommy Skar til Eldresenteret i Høyanger for å halde eit foredrag om hjerneslag. Han er generalsekretær i LHL Hjerneslag og Afasi, og er kjent for å halde engasjerande og informative foredrag.

Leiar Olav Guttorm Wiik i LHL Høyanger ser fram til besøket frå generalsekretæren.

– Hjerneslag råkar mange i Norge kvart år, og det er derfor mange som sjølv har hatt hjerneslag eller som kjenner nokon som har hatt det. Samstundes er nok kunnskapsnivået om hjerneslag og afasi generelt lågt i befolkninga, så vi håpar at arrangement som dette kan bidra til folkeopplysninga.

Til Høyanger kjem også talspersonen for LHL Hjerneslag Ung Nordvestlandet, Nils Espen Lilleheim. Han skal fortelje om sin kvardag som slagramma.

– Kvar dag får 30 - 40 personar hjerneslag i Norge, og det er ikkje alltid så lett å sjå på andre at dei har fått slag. Derfor er det veldig viktig å ha kjennskap om dette, så ein kan reagere raskt. Ein huskeregel som det er nyttig å kjenne til er «prate, smile, løfte». Om du eller nokon rundt deg plutseleg opplever problem med å prate, smile eller løfte armane kan det vere eit teikn på hjerneslag.

Regionmøte i Høyanger
I tillegg til å arrangere foredrag inviterer LHL Høyanger andre nærliggande lokallag til møte denne torsdagen.

– Vi skal arrangere eit såkalla sonemøte der vi vil diskutere stoda i dei ulike lokallaga i Høyanger, Hyllestad, Sunnfjord og Florø, og komme med forslag til vidare arbeid.
Wiik fortel og at LHL både lokalt og i fylket er på offensiven om dagen med tanke på å informere om aktiviteten i laget, og få fleire medlemmar.

– Vi har no kome inn under  Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon og utvekslar idéar der med andre organisasjonar der til korleis ein kan rekruttere medlemmar, og lokalt vil vi ha ein liten informasjonskampanje der vi mellom anna vil legge ut informasjonsmateriell rundt om i Høyanger. Vi har også fått ein førespurnad om å stille med ein representant i råd for menneske med nedsett funksjonsevne.