Hjelpekorpsa har fått ny møteplass i Vadheim


Etter mange år med skulen som fast møteplass, tek Vadheim Røde Kors hjelpekorps no i bruk nyoppussa lokale i det gamle kaihuset i sentrum.

Ifølgje leiar i Vadheim Røde Kors hjelpekorps Oddgeir Indrebø har hjelpekorpsa i Høyanger, Lavik og Vadheim vore saman om å pusse opp lokala i det gamle kaihuset i Vadheim sentrum.

– Vi har hatt lokalet ganske lenge, gjennom leigeavtale med Høyanger kommune, men har då brukt det til oppbevaring av utstyr. For at vi også skulle få på plass eit kurs- og møterom som alle dei tre hjelpekorpsa kan nytte, har det gått med mellom 600 og 700 dugnadstimar, seier Indrebø og skryt av jobben som gjengen har lagt ned.

I tillegg til møblar, har dei også fått på plass kjøleskap, oppvaskmaskin og mikrobølgeomn med midlar sponsa av Vadheim sanitetsforeining, noko dei set stor pris på.

Dei er midlertid ikkje heilt ferdige.

– På lageret, der blant anna snøscooter og hengar skal oppbevarast, må det støypast golv. Så det vil nok ikkje stå heilt ferdige før til sommaren, seier han.

Les meir i neste utgåve av Ytre Sogn!

Leiar Oddgeir Indrebø i Vadheim Røde Kors hjelpekorps er godt nøgd med dei nye sentrumslokala.

No inneheld kaihuset i Vadheim både kurs- og møterom og lager.