Hjartevarme på Sørsida bygdetun


- Tanken bak er at deu kan vere med og lyse opp i ei elles tung og mørk tid, seier einingsleiar Monica Dåvøy ved Sørsida bygdetun til Ytre Sogn.

Det var ho som tok initiativet til den hjarteforma lysdekorasjonen på eine veggen til bygdetunet på Søreide søndag kveld.


- Det er jo litt spesielt å jobbe innanfor helse i denne tida, og då tenkte eg at dette kunne vere med og lyse opp i tilveret til dei vi passar på og er glad i. Det skal vere ei påminning om at det vil gå bra, seier Monica Dåvløy om dei som utgjer sårbar gruppe i høve til pandemien.


- Og så lyser det jo opp i ei elles tung og mørk tid, legg ho til. 


Det er varaordførar Geir Helge Østerbø som har sendt oss biletet frå Høyanger sørside,, og han rosar einingsleiaren for det flotte initiativet.


- Annaleistida er tilbake og då treng vi slike lyspunkt i kvardagen, seier han til Ytre Sogn